28.4.09

Svar 2

Her svarer ein poet som sjølv gav ut dikt på 1960-tallet:

1. Eg ville tilrå Så seile vi på Mjøsa. Denne er det flest som kjenner. Og denne har mest som ikkje andre har.

2. Blad frå ein austleg hage? Opplagt ein del av det nye i 1965. Men for meg er diktverda her ei heller stilleståande sosial verd. Eg har aldri vori særleg haiku-inspirert, interessert kanskje, men lite påverka. I 1965 tydde Georg Johannesens surrealistiske Ars moriendi og Jan Erik Volds figurdikt Mellom speil og speil mykje meir for meg.

3. Volds innverknad i norsk poesi gjennom Volds eigne dikt er viktig, men enda viktigare på lengre sikt. Essaya hans på 1960-talet var
epokegjerande.

4. Eg analyserer tiåret som ei tid med akseptasjon og kritikk. Dette gjeld også kva som kunne "vere" eit dikt. Diktfelt - ikkje minst i Noreg - blei opna. Grunnlaget for dette var ei sosial rørsle: Men ein lyt vere spesifikk og ikkje abstrakt her. Enda eg ikkje har studert grundig akseptasjonen i 1960-åra som det viktigaste for tiåret, kunne eg nemne følgjande stikkord for ny sosial norsk aksept for: kommunisme,seksualitet og homoseksualitet, nordlendingar og russarar, dialekt, arbeidsliv, vietnamesarar og palestinarar, fredsarbeid, ungdom, forsking og vitskap. Ja, Noreg byrja å få pengar i 1950-åra, men låg elles etter. På slutten av 1960-åra var relativt avanserte litterære verk som Mor godhjertas glade versjon. Ja av Jan Erik Vold og Anne av Paal Helge Haugen store litterære "scoop". 1960-åra opna alles auga for Olav H.Hauges tema (jfr sosialt) og talent, ei interesse som seinare berre skal vekse.


5. Ja, eg er samd. Å dikte er relativt presist definert av Georg Johannesen. Likevel: Nordmenn som folkeferd har også hatt ein lang tradisjon med å dra på oppdagingsferd. Herunder kjem Jan Erik Volds ferder til Amerika og Sverige. Alf Prøysen kommenterte dette i tittelsporet "Så seile vi på Mjøsa". Men dette spørsmål 5 er ikkje noko enkelt enquete-spørsmål... Eg ville også leggje til poeten sitt forskararbeid. Eit godt døme på dette er Pål Helge Haugen sin montasje eller punktroman

Ingen kommentarer: