17.3.09

PS. Økland om poetikk

Utdraget er hentet fra boka Dialoger som kom 1993. Intervjuer er Alf van der Hagen:

Har du en poetikk, Einar Økland?

- Ja, det er eit spørsmål eg verkeleg har stilt meg sjølv og prøvd å svare på. Eg trur at eg har det - i praksis. Hovudtrekka i min poetikk er å avvise normative, kategoriske utsegner om litteratur, korleis den ideelt sett bør vere. Eg er stort sett orientert ut frå det negative: I alle fall ikkje slik, i alle fall ikkje slik! Eit godt dikt er eit dikt som ikkje er dårleg. Ei godt dikt er eit dikt du ikkje kan avvise. Ei anna utgangspunkt er at eg vegrar meg mot å trekke forhasta og kategoriske konklusjonar. Eg skjøna tidleg at eg må leve med mange stilartar, og med mange opne og uløyste spørsmål. Sjølv om eg ofte seier at alle forfattarar eigentleg er filosofar, er eg eigentleg anti-filosof. Fordi så mange filosofar landar på ei standpunkt, ei livsforståing, ei heilskapsforståing. Eg graviterer ikkje mot dette. Derimot ser eg gjerne at ein tar ansvar for sine handlingar - det er eit anna utgangspunkt: Eg er stort sett ansvarleg. Ein skal kunne grunngi det ein gjer, eller i det minste sjå forlengingar og konsekvensar av det ein gjer - eit stykke på veg. For meg har dette ført til - enda så glad er i brotet og i det punktiforme - at eg bruker normalsetningen ein god del meir enn mange av mine kolleger. Kanskje mykje meir enn eg sjølv liker å sjå i augene. Eigentleg har eg utforska normalspråket meir enn det nokon kallar det eksperimentelle, det knuste, det fragmenterte. Dette kan eg sjå i dag. Grunnen er at eg ikkje ser nokre gyldige og haldbare alternativ til det. Eg går heller aldri så langt bort i språket mitt, at eg ikkje ser at det kan ha tilknyting til samfunnsforholda. Eg har som sagt brukt normalsetningen mykje meir enn eg hadde planlagt å gjere i livet. Eg har vore kritisk til språket, trudd det var nedslite og ubrukeleg. Og så har eg meir og meir skjønt at normalspråket er nærmest utømmeleg, det er det mest uttrykkskraftige vi har. Det er vi som brukar det som sviktar, om det ikkje kan nyttast. Men eg har vore innom mange poetikkar. Prøvd meg fram... Ein vil alltid finne eitt eller to dikt av ein heilt annan type enn det mest vanlege. Det som ein gong skal gå gjennom dikta mine, vil finne at Einar Økland har vore ein slags Kilroy: " Har har vore konkretist her, nyenkel der, surrealistisk der." Nokre dikt er sjølvsagt situasjonsbestemte replikkar til andres dikt, til andres poetikkar eller svar på tenkte utfordringar. Men eg har aldri kunna halde fram som om eg hadde funne min eigen stil. Eg har aldri trudd det gjaldt å finne fram til noko som skulle vere meg sjølv, og deretter halde på med dette. Tvert i mot, den dagen eg finn noko slikt, då sluttar eg. Alt tyder på at om eg fekk til noko som var heilt perfekt eller gyldig til all tid -da vil det vere det siste eg gjorde. Eg ville ikkje reprodusere det. Det ville stri mot det eg trur på. Men dette er innsida av skrivinga, den private. På utsida er eg practicus, ein situasjonsavhengig råstoffleverandør.

Ingen kommentarer: