Ein original er kvalitativ, ein epigon er kvantitativ, slik er mi innsikt og stadig vekk ser eg at epigonen blir foretrekt framfor originalen og då tenkjer eg at i det samfunnet har forfallet ned i kvantiteten komme smerteleg langt, så langt at det kjennest motlaust å skulle halde fram med å skrive der, og i slike stunder er trøysta mi eit Hölderlin-sitat i Olav H. Hauges gjendiktning:
Lang er
tidi, men det ovrar seg
det sanne.
Henta frå Gnostiske essay, "Litterær kvalitet" (1997)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar