Bilvraket i skogkanten
Lyktene stirer tomt. Panseret
står og gapar
som eit formidabelt sjokk
skulle vere dødsårsaka
Å flytte seg
er greinene si oppgåve
No veks dei inn frontruteopninga
inn i wunderbaumriket
der duftgrana enno heng og dinglar
som ein siste, seigliva draum
innanfor rustkraniet
fra Framtida er ein stad til høgre for tavlekanten av Irene Larsen (2008)
Lukelenke
4 kommentarer:
Tusen takk for diktpresentasjon, Erik!
( Pssst: Det mangler visst en N i greinene i linje 7..;-))
Den er retta.... takk selv for et fint dikt. ;-)
Dette er ei nydelig fin samling som anbefales på det sterkeste, en av mine favoritter i året som gikk :)
Hyggelige ord, Anita.
Irene :)
Legg inn en kommentar